Vettismorki

Så trolsk som det kan bli! Foto: Visit Sognefjord

Vettismorki setergrend ligg over den vakre Vettifossen. Området er kjent for grov furuskog. Vettismorki som mål fungerer godt om ein vil på dagstur i Utladalen, eller som eit naturleg stoppunkt dersom ein går frå hytte til hytte i Utladalen med start eller slutt på Vetti Gard. DNT opna på nytt eit overnattingstilbod der i 2023, og ein kan bu her og gå turar i området. Opplev ville og vakre Utladalen du også - du kjem ikkje til å angra!

Gasta Design