Tusenmeteren

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein spektakulær veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det meir enn 20 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum. Turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale.

Tilstandsrapport Tunnelvegen for dei som har tenkt å sykla:

Delar av Tunnelvegen er smal og i stor grad usikra med grov og ujamn overflate og hjulspor. Du må difor ta det roligare enn på ein moderne sykkelveg, og turen eignar seg ikkje for uerfarne syklistar. Dei mest krevjande partia finn du rett før og inne i tunnelen ca 5,5 km ut i sykkelturen og vidare frå utsiktspunktet 1000moh og ned til FV53 (lang nedfart og skarpe svingar).

Hald deg inn mot fjellet der det er mogleg, og gå av sykkelen i dei partia av vegen du ikkje er komfortabel med å sykla.

Vegen er utsatt for steinsprang, spesielt ved mykje nedbør, og den blir ikkje rydda/vedlikehalden.


Gasta Design