NYTT! Vettisfossen utsiktspunkt
Sommaren 2023 opna endeleg det nye utsiktspunktet over Vettisfossen i Utladalen. Utsiktspunktet er ei rampe i cortenstål, plassert med litt utkraging over fossejuvet for å sikra at besøkande får sjå heile fossen i alle si prakt frå toppen til botnen. Plasseringa er gjort med tanke på at dei besøkande ikkje skal trenga å ta seg over gjerdet og ut på kanten av juvet for å få den beste utsikta.
Stien til og frå utsynspunktet er også lagt i terrenget for å sikra minst mogleg slitasje, og utsette område vart revegetert sommaren 2023. Me oppmodar alle om å følga merka sti, og ikkje gå utanom gjerdet.
Turen frå Årdal startar på parkeringa på Hjelle, der turen inn i Utladalen landskapsvernområde startar. Først vandrar ein på den flotte folkevegen til Vetti Gard i ca 5 km, før ein tek av til høgre for å følgja stien opp fjellsida til toppen av fossen. Ein kan rekna +/- 1 time på oppstiginga frå Vetti gard til utsiktspunktet.
Vettisfossen vart kåra til den vakraste fossen i Noreg for nokre år tilbake, og er den høgste uregulerte fossen i Nord-Europa, med eit fritt fall på 275 meter.
FOTO: Visit Sognefjord