Vinterpadling
Vinterpadling
Opplev Sognefjorden frå kajakk også vinterstid. Bulder & Brak Opplevingar arrangerer vinterpadleturar i Årdal heile vinteren! Eit sjeldan vinterlandskap ventar deg.
Viktig informasjon:
Du treng godt med varme klede for å vera ute ein heil dag i minusgrader. Bulder & Brak Opplevingar stiller med alt nødvendig padleutstyr inkl tørrdrakter med handskar og hette. Turane vert lagt opp som halvdagsturar på ca 3-4 timar totalt. Vanskegraden er lett, og ein treng ingen forkunnskapar for å vera med på denne turen.
I tillegg treng du:
To par tjukke sokkar til å ha på beina inni tørrdrakta
Klesskift i ull
Vindtett jakke/anorakk og bukse
Tjukk ullgensar/fleece/dun
Skjerf, lue, to par handskar/vottar, ekstra ullsokkar