Vormeli

IMG_20170902_122516.jpg

Vormeli ligg langt nord i Utladalen i Vest-Jotunheimen. Her har det tidlegare vore gardsdrift i periodar og det har vore seterdrift her.

Dagens steinbu er såpass primitiv at me har klassifisert den som naudbu, men det går godt an å overnatta her for 3-4 personar. Hytta har benkar med madrasser, omn og peis, i tillegg til ved og gassapparat i forrommet.

Steinbua kan nyttast heile året, men har ikkje sengetøy. Gjestene må ta med sovepose og mat. 

PRIS:

DNT-medlem 200 kr pp

Ikkje DNT-medlem: 300 kr pp

Born gratis.

Hytta vert i dag drive av Stiftinga Utladalen Naturhus

Trykk for stort kart