Avdalen Gard
Avdalen Gard er ein fjellgard i Utladalen landskapsvernområde. Garden ligg like ovanfor den spektakulære Avdalsfossen.
Bygg og kulturlandskap er restaurert, og vert i dag drifta av Stiftinga Avdalen Gard. Stiftinga sitt styre er sett saman av representantar frå grunneigarane, familie, eldsjeler og bygdefolk som alle brenn for Avdalen og Utladalen. Arbeidet dei har lagt ned er grunngjevande for at Avdalen Gard i dag kan vera open og tilgjengeleg for turfolk som ønskjer overnatting.
Avdalen Gard er betjent i sommarsesongen frå slutten av juni til september. Utanom sesongen er eine stabburet ubetjent (DNT-nøkkel).